torsdag 21. februar 2008

Oppussing

Her i heimen pussar me opp for tida. Gler meg til eg kan leggja ut bilete av den "nye", kvite kjøkkeninnredninga! Kjøkkenet var nokså kvitt då me kjøpte huset. Etter at me måla tak og vegger kvitt der inne, vart kjøkkeninnredninga ein slags grøn-kvit. Og i tillegg har tidlegare eigar valgt feil type måling (alt for matt). Det skal seiast at eg er svært fornøgd med fasongen på kjøkkenet og mønsteret i dørane, fine profilar. Så alt som skal til no er ein glansigare og skikkeleg kvit farge, så vert denne husmora glad :) 

Eg heklar når eg ser på TV, der nærmar seg slutten på innkjøpt Alpakka til babyteppet. 
Har nokon erfaring med kor breitt og langt eit babyteppe bør vera?

Biletet viser bøgjeteppet mitt - begynte på dette når eg oppdaga alle bloggane med hekleglade damer. Det er godt og varmt å ha i sofaen!



1 kommentar:

Hobbygåsa sa...

Heisann og takk for hyggelig hilsen i bloggen min. Grattis med ny blogg, håper vi får se mye spennende her fremover. Bølgeteppet ditt er nydelig!