onsdag 21. mai 2008

kom mai, du skjønne, milde...


Vel oversått 17.mai :) Me hadde ein koseleg dag med besøk hos svigers, folketoget i Stavanger og grillfest i hagen med gode vener. Både herr og fru Dings er heldige og har bunader. Eg har blå Sunnhordlands-bunad, og han har herrebunad frå Rogaland. Det er kjekt å ha slike festplagg!

Eit bilete av oss i feststasen:




Her i byen fins det mest ikkje regn for tida, sola skin og me har stadig framme vannspredaren for å halda liv i blomster og plen. Luksus! I denne samanhengen, altså fint ver, har eg begynt å sykla til jobben. Eg vart biten av sykkelbasillen på den vesle dansketuren vår, og etter dette har eg sykla till jobb 2-3 gongar i veka. Det går ikkje fort med meg, mange menn på 50 i stramme sykkelshorts syklar forbi. Men eg er no fornøgd likevel, betre å sykle sakte og annakvar dag enn å ikkje sykle i heile tatt! Og så er det litt kick å sykle forbi bilkøen som står over Strømsbrua kvar ettermiddag, og komme raskare over den enn ein bil :)

Her er ein smakebit på det eg handla i Danmark:



Skjønne prikkar og striper i lyseblått frå Green Gate.


Elles så heklar eg babyteppe for tida, til ei venninne som ventar ein gut i august. Teppet er i alpakka og eg likar fargane så godt:



Beauty er det "vesle" gullet i vår familie. Hu er gylden golden retriever, halvtanna år gammal:



Er ho ikkje nydeleg?? :)




5 kommentarer:

Grip dagen sa...

Det var et ekte vårbilde av herr og fru Dings. Bunader, sol og grønne trær! -Kom mai du skjønne, milde...
Tenker alpakkapleddet blir deilig. Det er ingenting som slår det garnet der!
Jeg har kjøpt mønster og garn til en sjelevarmer. Men mønsteret er søkk vekk!
Butikken var utsolgt for mønsteret nå...
I morra skal jeg prøve lykken på Kvadrat. Håper de har mønsteret. Ellers blir jeg gal!!!
Ja, ja. Ikke det at jeg ikke har noe å henge fingrene i. Men nå trenger jeg snart den sjelevarmeren...
Et lite sukk fra Marit

Bai sa...

Ja, det var det - det går litt i rykk å napp med strikkinga. Men etter lange lesedagar er det deilig å gjere noko anna.

Nå har eg akkurat vaska olja av hendene etter å (nesten) ha fiksa sykkelen min. Håper eg blir like flink som deg - det er jo deilig å sykle.

Det green gate servicet er så koseleg! Og teppet hadde flotte fargar. Heldige vesle guten som skal få det.

Marie sa...

Så fine de er i bunader :)
Lekre ting du handla i Danmark! Beauty er ein skikkeleg hjarteknusar :)

Anonym sa...

Så fin bunader! Det er så stas å se alle bunadene, og det er så mange fine. Lekkert teppe, og ja, det er så mye fint i DK. Skal dit snart jeg også, gleder meg. Nydelig hund!
Ha en fin torsdag:)

HildeS/Frøken Fryd sa...

Hei hei.
Så kjekt å få sjå deg og Herr Dings i bunadane dykkar, og så flotte de var:)
Green Gate har så mykje fine ting, og dei osar det sommar av.
*me like*
Nydeleg teppe du heklar til babygåve.
Ha ei fin helg.
Klem H.