mandag 28. april 2008

kniv, skei og gaffel og ... det er dejlig å være norsk i Danmark... :)

Hei! Idag kjem litt av kvart frå meg. Først nokre loppefunn:


Desse skeiene og gaflane kjøpte eg på loppemarked - eg syns dei er fine
og sjarmerande slitte. Eg har nye teskeier med flat rose, så dei kan brukast 
saman med.

På Fretex fann eg desse knivane som eg syns passar til:


Sist helg sykla me i Danmark saman med eit vennepar.
Det var ein herleg , liten ferie!
Øya me sykla på heitte Mors.
Sola skein, vindmøllene stod omtrent stille og rundt oss var
flotte grøne bakkar og gule raps-blomster.

Danmark er flott!!




Dette biletet er tatt inne frå eit av drivhusa på den fantastiske overnattingsplassen
like utanfor Nykøbing, som heiter Rosegave. Eit ektepar leiger ut rom, og du kan benytte den
nydelege hagen. Plassen minner meg om Snekkersten, som me besøkte i august.
Rosengave blir garantert besøkt igjen!

Her er noko av interiøret på staden:



Til slutt eit lite glimt frå sykkelvegen:



Litt shopping vart det også tid til og plass til i sykkelveskene. Dei bileta kjem i
neste innlegg! No ventar sofaen, hekletøyet, herr Dings og ein god film!
Ha ein fine kveld, der ute i bloggverda.

Klem frå fru Dings :)

4 kommentarer:

Grip dagen sa...

Heisann og takk for kommentaren på bloggen min.
Takk for turen fru Dings!
-Hvilken tur?!
Nå har jeg vært på hotellferie, på Fretex, på Vigrest og på sykkeltur på Mors...
Mye å lese på bloggen din...
Det så fantastisk moro ut å sykle i Danmark. Jeg liker meg også veldig godt der.
Ønsker deg ei fortsatt fin uke i sommerværet!
Mange hilsner Marit

PS. Skal du på tur igjen, kan jeg på det varmeste anbefale Hageliv på Kverneland! Knallfine og billige varer!!!! Se www.hageliv.no

Anonym sa...

Takk for trivelig hilsen. Ja, Danmark er herlig, mannen min er dansk, så der er vi ofte:)
ha en fin kveld.
Ps håper det er greit jeg legger deg til blogglisten min:)

Marie sa...

Hei, hei fru Dings!
Takk for kommentar på bloggen min. Ser at du har hatt ein fin tur til Danmark. Mor mi har forresten like knivar som du viser.

Ha ein fin sommardag :)

Bai sa...

Så herleg å dra på sykkeltur - og så stilige dei skeiene var. Liker smaken din, ser ut som om du har sans for detlajar og ei eiga evne til å finne loppemarked med flotte ting!

God helg i finveret!