tirsdag 8. april 2008

Sokkar og sol og loppis





Idag skin sola og perleblomstrane mine trivst i vinduskarmen.
Eg var på loppemarked på lørdag og her er nokre av kuppa:

Nydeleg lita osteklokke:



Og eit stettefat som er lite og søtt:



På hobbyfronten har eg strikka sokkar, to par på tynne pinnar.
Garnet er det nye strømpegarnet på Sandnes i 100g buntar, og det har blitt eit svart og eit brunt par. Syns sånne sokkar er gode å bruka utan bomullssokkar under. Dette  er det brune paret mitt:



På lørdag hadde me ein koseleg kveld saman med eit vennepar. På menyen stod indrefilet av okse og fløytegratinerte poteter. Kjøttet var eit svært godt kjøp ;) Herr Dings var på Rema 1000 på lørdag morgon og skulle kjøpa ferske rundstykke til frukost. Han kikka også etter noko godt me kunne ha når me fekk gjester. Han fann denne indrefileten, men det var ikkje merka kva prisen var. Når Rema-mannen skulle sjekka prisen, fann han ikkje kjøttet i noko oversikt. Det viste seg at det nok var noko feillevert til butikken... Og dei vart enige om prisen 100 kr.. Me fekk over eitt kilo indrefilet til hundre kroner! Det smakte nydeleg... 

Ha ein god tysdag!!


Klem frå fru Dings :)



3 kommentarer:

Den gode feen sa...

Så kjekt, me er jo "nesten" naboar då. Den smijernssaken er kjøpt hos W & M Interiør i Hillevågsveien (er det det den heiter mon tru). Like nedanfor Rema 1000 og nær Kilden iallefall. Holdt på å kjøre i bilen framfor meg der i dag, fordi dei pakka ut så mange fine varer der i dag :)

Knallbra med billig kjøtt :) Betre enn svenskehandel også.

Ha ein fin tirsdagskveld :)

Marie sa...

Hei, hei og takk for koseleg kommentar hos meg.

Nydeleg perleblom, flotte loppefunn og fine strikkasokkar hos deg! Skal seie du var heldig med indrefiletkjøpet!

Koseleg din blogg også :)

Gamlå sa...

Hei hei

Skal si du fant masse fint på loppemarked. Tusen takk for kommentaren i bloggen min, og takk til tipset til hekleteppet.

Hilsen Gamlå