onsdag 26. mars 2008

Etter-påske


Eg har hatt ein fin påskeferie. God tid med familie, og herleg hyttetur
med mine to kjære; herr Dings og Beauty.
I påska kjøpte eg frø og løkar på Plantasjen. Eg gler meg til å få dei
ut og sjå at det spirer! Men; vinteren har komt til Stavanger.
Så frøa må vente nokre dagar med å komme ut. Snø og kulde er sjeldan
lenge her, så eg nyt sola og finveret.. samtidig ser eg fram til våren :)

Eg har laga eit par tubesokkar i tjukt garn.
Desse skal rett i julegåve-skuffa.



Babyteppet vart ferdig i påska. Godt og mjukt med Alpakka!



I dag er den store kles-vaske-dagen etter ferien.
Den gode, gamle AEGen går så det susar etter.
I mellom å springa opp og ned og sentrifugera og
hengja opp klede, skal eg få strikka litt på
det brune sokke-paret eg har på pinnane.

Til sist i kveld kjem eit bilete av Beauty.
Er ho ikkje søt?





2 kommentarer:

Gamlå sa...

å helle dussen for ein fine hund!!!!

Å du har også ein fine blogg!!!

Det eg vil spørre deg om er hvor finner jeg oppskriften til teppet du hekler? Ser at det er mange som holder på med disse teppene, og jeg synes de er så fine.
hilsen Gamlå

Den gode feen sa...

Hei frøken dings. Så kjekk blogg du har! Eg diggar Mariero. Bur på Åsen sjølv, men det er som oftast på Mariero eg handlar ting og tang. Kanskje me møtes ein dag på Fretex he he. Ha ei fortsatt fin helg!

PS! Du bør åpne slik at anonyme også kan legge igjen kommentarar (må logge inn i blogspot for å legge kommentar nå ;))