mandag 6. april 2009

Nytt kjøkken

Etter å ha tenkt på i fleire dagar at eg skal fotografere det nye kjøkkenet vårt, har eg komme fram til at eg må ta bilete - sjølv om det ber preg av å vera i bruk! Eg har nett sett ein rundstykke-deig, og derfor er da litt rot. I tillegg manglar handtak og knottar, så oppvaskmaskinen manglar deksel. Elles; kjøkkenet er i bruk, eg er svært nøgd med det! Lidingø frå IKEA, med eike benkeplate og integrerte kvitevarer. Me har sett dette inn i ei av dei to opprinnelege stovene. Det gamle, litla, lite funksjonelle kjøkkenet på baksida av huset skal bli til vaskerom i haust. Det nye kjøkkenet har den flotte utsikten, eit stort og eit litt mindre vindu og er lyst og triveleg, syns me!



Her kjem ein miks av innredning og detaljar:














Me har tømmerveggar her, som me har mala kvite. Det viser på biletet under:





Godstolen har fått plass her inne. Vitrineskapa i bakgrunnen er også frå IKEA, og passar godt saman med innredninga.



No skin sola ute, og eg tar med meg ei bok ut i Lysthuset vårt:




Den gamle, sjarmerande garasjen her ligg godt og lunt til. Me har møblert inne i den med gamle møblar, og det er herleg å sitja i døropninga i ein solstol. Det er planen no! God måndag!

mandag 30. mars 2009

Innevèr og smådetaljar frå Lier

Eg knipsar litt bilete når eg er ute om dagen og luftar magen ;) Her er nokre av dei firbeinte venene hos oss. Blåmann er den vesle bukken vår, han trivs godt i lag med dei 15 søyene våre.

Er han ikkje søt?




Sauene våre har flotte fargar og er skikkeleg raggete. Her står dei og kosar seg med kraftfòr medan eg snikfotograferar



Gongen her i huset er (så langt) i vårlege pastellfargar.. Døra har jo sin sjarm! Og så skal eg innrømmast at eg gler meg til å få pussa opp her, få fram kvite tømmerveggar og setja inn ei ny dør. Enn så lenge, her er eit bilete av døra mi:


Velkommen inn :o)






Eg fekk med ein "smaksprøve" på vårens nye tulipanar hos Mester Grønn ein dag eg var innom der. Ganske flotte, syns eg!




No skal dagen nytast inne, det regnar ute og eg har nok av småting å kosa meg med innandørs.
Ønskjer deg ein framleis god mandag!



onsdag 25. mars 2009

Vår og livsteikn frå Lier

Endeleg har me tutla oss til å få skikkeleg internett-tilgong. Kombinasjonen av mammapermisjon (ventetid, to veker att til den vesle kjem) og internett er fin!
Så denne bloggen vaknar til liv igjen :)

Her kjem nokre bilete tatt sidan sist. Her frå dei nydelege dagane med snø i vinter:



Desse bileta er tatt for nokre dagar sidan, då vårsola varma godt i husveggen:




Innandørs har eg strikka bleiebukser i vinter. Dei er no lanoliniserte og ligg klare, saman med brettebleiene frå Nøstebarn.



Ha ei super helg!


onsdag 31. desember 2008

Godt nyttår!!

Her kjem endeleg noko oppdatering frå bondekonå! Me kjøpte eit småbruk i sommar, og i haust har me komt oss på plass i det nye (gamle) huset. Det er nokså variabel nett-tilgong foreløbig, difor har da lenge vore stille på denne sida. I nyttårshelga er me i Stavanger på besøk, og eg nyttar anledningen til å oppdatera litt :) Her er det vesle, gule huset vårt, julepynta.




På bakkane har me 15 sauer, gammal norsk spelsau. Dei er skikkeleg flotte, raggete flott ull i mange fargar og med horn.










På søndag var det nydeleg ver, me var nede ved vatnet og grilla middagen. Kjekk dag med besøk av familien til Hans Ole.





No gler eg meg til nyttårsfeiring med gode venner i Stavanger, som me ikkje har truffe på ei stund. Eg trur 2009 kan bli eit godt år. Spesielt ser me fram til påsken, då me to skal bli ein familie på tre! :o)

Til slutt vil eg visa noko av utsikten frå tunet vårt. Huset vårt ligg i ein skråning, ned mot eit vatn. Desse flotte vintermorgonane nyt me synet av himmelen når sola kjem opp. Nede ved vatnet ligg eit fint, gammalt naust i stein.

Eg vil ønskja alle ei flott nyttårsafta og alt godt i det nye året!
Klem frå fru Dings



onsdag 2. juli 2008

Huset vårt i Stavanger..





...er no solgt. Når eg ser på desse bildene, frå prospektet, veit eg at eg kjem til å sakna det. Huset me skal flytta inn i krev ein del arbeid :) Men me gler oss, og skal heldigvis ha 1 månad ferie til å komma igong med dette, før me begynnar i nye jobbar i haust. I morgon reiser me ei god veke til Danmark, og resten av ferien blir i september. Her er nokre bilete frå huset her i byen:






Kjøkkenet pussa me opp i vinter:







Dette var ein liten kikk inn til meg :)
Når det kjem til handarbeid, har eg desse dagar avslutta havskum-teppet mitt.
Bilete kjem i neste innlegg!


Nyt sommarveret!

lørdag 14. juni 2008

Nyta livet!





Her kjem nokre bilder frå ein knallkjekke lørdag med gode venner :) Me var på båttur til Usken og koste oss med mat frå Ostehuset. Herleg temperatur og nydelig mat! Skikkeleg å nyta livet..
Beauty kosar seg, ho er golden retriever og ein skikkeleg badehund.
Elles så går dagane i ett og grunnen er at me skal flytta. Me har funne draumestaden, eit lite småbruk i Sunnhordland. Me flyttar til seinsommaren/tidleg haust. Så no skal huset i Stavanger til salgs - og før den tid skal mykje ordnast. Difor, lite tid til blogging. Eg kjem sterkare tilbake med fleire bilete frå draumestaden vår.



Huset ligg med fin utsikt over vatnet, og me eig nedover til vatnet og har ei lang strandlinje. Ein roleg og fin plass, der me skal få nokre sauer på bakkane :)


Ønskjer dåke alle ei fortsatt gode helg!

tirsdag 27. mai 2008

bli med ut i hagen!




Dette er noko av detaljane frå inngongspatiet vårt. I kveld har eg faktisk vore i hagen, som skiltet seier. Og lurar på, vil du vera med ein liten tur i hagen? Ein fin mai kveld med god varme frå sola? Her er trappa som er "inngongen" til hagen vår. Herr Dings er anleggsgartnar, og denne trappa (+ ein utvida mur og eit blomsterbed) er fagprøven han tok i haust. Han var heldig, og fekk teikna prøven og gjennomføra den hos oss sjølve. Kom, bli med opp;



Her ser du nokre av sommargeorginene me har. Dei er sneglane sin favoritt! Berre i dag morges tok herr Dings 12 stk.. Men takka vere god innsats av snegleplukkaren, har me framleis mange som blømer.



Magnolianen er min stolthet i hagen. Den blømer frå bar kvist og er nydeleg. Den luktar i tillegg godt. Me kjøpte busken i vår, og den hadde stpre knoppar. Den har blømt sidan byrjinga av mai. No er den på hell, berre eit par knoppar att. Her er eine blomen:



Den er litt brun i kantane, har blomstra lenge :) Her er ein knopp som sprett snart:



Til slutt;



Hengelobelia i sinkbøtte utanfor døra.

Dette var litt av hagen vår, og eg har kost meg ute der idag.
Eg har også slappa av med babypleddet. Idag har eg festa alle trådane.. :)
*stolt* No er det berre 10 rekkjer til, ein heklekant rundt, og så er det klart til
vesle guten som kjem i august.

Ha ein flott mai-kveld.
Tusen takk for kommentarar dåke legg inn!