mandag 30. mars 2009

Innevèr og smådetaljar frå Lier

Eg knipsar litt bilete når eg er ute om dagen og luftar magen ;) Her er nokre av dei firbeinte venene hos oss. Blåmann er den vesle bukken vår, han trivs godt i lag med dei 15 søyene våre.

Er han ikkje søt?




Sauene våre har flotte fargar og er skikkeleg raggete. Her står dei og kosar seg med kraftfòr medan eg snikfotograferar



Gongen her i huset er (så langt) i vårlege pastellfargar.. Døra har jo sin sjarm! Og så skal eg innrømmast at eg gler meg til å få pussa opp her, få fram kvite tømmerveggar og setja inn ei ny dør. Enn så lenge, her er eit bilete av døra mi:


Velkommen inn :o)






Eg fekk med ein "smaksprøve" på vårens nye tulipanar hos Mester Grønn ein dag eg var innom der. Ganske flotte, syns eg!




No skal dagen nytast inne, det regnar ute og eg har nok av småting å kosa meg med innandørs.
Ønskjer deg ein framleis god mandag!



2 kommentarer:

HildeS/Frøken Fryd sa...

Hei hei.
Her i Isvik går det berre fint.
Dagane går fort, og nå når kveldane er blitt lysare så kjem lysta til å drive med litt forskjelleg både ute og inne.
Går de fint med dåke også?
Det nærmar seg vel til babyen kjem,
og det blir stas:)
Ha ein fortsatt fin dag.
Klem H

Bai sa...

Der var bloggen din oppe igjen! Så kjekt. Har vore innom innimellom og kikka etter oppdateringar.

Koseleg med baby på gang - lukke til- det er sikkert ei veldig spennande tid.

- Og for ein herleg bukk!